Leigeprisar i Voss Idrettshall
Gjeldande leigepriser i Voss Idrettshall
Voss Heradsstyre vedtok i sak 116/23 å setja av 600.000,- til eit prøveprosjekt i to år på gratis utleige av kommunal bygg og idrettsanlegg for frivillige lag- og organisasjonar som driv med barne- og ungdomsaktivitet. I saka som utgreidde kostnadane knytt til eit slikt prosjekt vart det peika på kva aktivitetstilbod som fell inn under ordninga. Lokale, frivillige lag og organisasjonar kan leiga kommunale bygg gratis til faste organiserte kvardagsaktivitetar for barn og unge i aldersgruppa 0-19 år. Aktivitetar utanfor normale opningstider, inntektsgivande arrangement, kurs, cupar, kamp, helgearrangement eller liknande kjem ikkje inn under ordninga, det same gjeld utleige til privatpersonar og kommersielle aktørar.
Kva objekt | Timepris for lag/organisasjonar | Timepris for kommersiell utleige |
---|---|---|
1/4 hall |
200,- |
215,- |
1/2 hall |
270,- |
290,- |
3/4 hall |
345,- |
370,- |
1/1 hall |
470,- |
505,- |
1/4 hall 15.00-18:00 |
145,- |
155,- |
1/2 hall 15:00-80:00 |
200,- |
215,- |
3/4 hall 15:00-18:00 |
240,- |
260,- |
1/1 hall 15:00 -18:00 |
270,- |
290,- |
Aerobicsal |
250,- |
250,- |
Skytebane |
250,- |
250,- |
Kafé |
315,- |
345,- |
Foajé |
305,- |
330,- |
Garderober |
140,- |
150,- |
Døgnleie (arrangement) |
8250,- |
15365,- |
Møterom/behandlingsrom |
200,- |
250,- |
Treng du vaktmeister eller bemanning i hallen, så vil kostnaden verta kr 575,- per time.
Utvask skjer for leigetakars rekning, Idrettshallen skal leveres tilbake i rein og same tilstand som ved start av leigeforhaldet. Ved arrangement må arrangør og leigetakar sjølv ordne med vask i eigen regi eller ved bruk av vaskebyrå, som f.eks RSV (som KF’et nyttar til vanleg). Kostnad for vask og tid til vask fell på leigetakar.